|
|
| Trenar Karl Frisch skrik så det
ljomar i Prestegardsmoen, men ordren er lettare sagt enn
gjort. Ikkje fordi bana er spesielt tung, men fordi ?.
har ein motspelar framfor seg, ein ved sida og ein
tredje hengande i venstre fot. Han klarar likevel å dra
seg gjennom forsvaret til slutt, kastar seg fram og får
lagt ballen over streken. Det er mål.
| |
| Rugby var nytt tilbod av året då
Voss gymnas hadde aktivitetsdag onsdag. Den
tradisjonelle fotballen var kutta ut, og med fire
profesjonelle rugby-spelarar som trenarar, hadde mange
valt tøffe taklingar på Hestabakken i staden for
natursti og volleyball. Mariann Kjøbli, Karl Frisch og
Elisabeth Berentzen er alle landslagsspelarar, medan
fjerdemann Heimisch Esplin frå Australia enno ikkje har
budd lenge nok i Noreg til å få lov. I Bergen Rugbyklubb
er han derimot aktiv. Ein halvtime før ?.. fekk ballen
på rett side av streken på den provisoriske bana,
instruerer dei fire i ulike taklingsteknikkar. Øyvind
Ringheim og Vegard Honve øver først i sakte film, så er
det action. | |
| - Tenk så ilt det er når
du spring alt du kan og ? bang, rett i då! Vegard har
stilt seg opp med ballen om lag tre meter frå Øyvind.
Dei to kamphanane måler kvarandre med blikket, før
Vegard tek fart. Pang, rett i Øyvind, som gjer sitt
beste for å få angriparen i bakken. Snart kavar dei
rundt på graset begge to. |
 |
| MÅL:.. men klarar
likevel så vidt å få lagt ballen over streken.
GOAL!!!!!!! | | |
| - Det er litt vanskeleg, vedgår
Øyvind etterpå. - Men det kjem seg! Og det viktigaste av
alt i ei takling, er ikkje å mista taket. - Kroppen går
før ballen, slår Vegard fast. Så er det hans tur å verta
angripen. | |
| Medan gymnaselevane som har valt å
gå natursti ruslar forbi på vegen bak, øver
rugby-spelarane uforstyrra vidare. I eit hjørne av
Hestabakken held jentene til, med sentringsspel. -
Spring alltid framover med ballen, instruerer Kjøbli. -
Og de andre må hjelpa bak, legg Berentzen
til. | |
| I rugby er det aldri lov å sentra
framover på bana, noko som kan vera vanskeleg å hugsa på
for dei som er vande med handball og ikkje minst
fotball. Den fysiske nærkontakten i rugby er heller
ikkje vanleg i meir tradisjonelle
aktivitetsdag-idrettar. Likevel er det lite skadar. - Ei
undersøking i England viste at det ikkje var fleire
skadar i rugby enn i fotball, seier Kjøbli.
| |
| - Me får mykje blåmerke, nikkar
Berentzen. - Me ser ikkje ut! Leande fortel dei to at
den typiske engelske proffspelaren har store raude
dumbo-øyrer og breie, oppheiste skuldrer. - Det er fordi
dei står og stangar i kvarandre fremst på banen.
| |
| For Linn Jeanette Sandvik Måge og
Helga Hommedal Blikås er nok ikkje draumen om dumbo-øyre
og breie skuldrer veldig sterk. Etter nokre timar med
rugby i Prestegardsmoen onsdag kan dei likevel godt
tenkja seg å spela meir. | |
| - Det var slitsamt, men veldig
moro, slår Linn Jeanette fast. Ikkje var ho redd for å
skada seg, heller. Ikkje mykje, i alle fall. - Eg var
kanskje litt redd i starten, vedgår ho. - Men det var
ikkje så gale. Helga syntest det var kjekt å kunna gå i
taklingar, til ei forandring. - I fotball kan ein jo
nesten ikkje vera borti kvarandre, seier ho.
| |
| Linn Jeanette og Helga kan få
sjansen til å spela meir rugby fortare enn dei anar. I
tillegg til å vera aktiv rugbyspelar er Karl Frisch også
utviklingsansvarleg i Hordaland for Norges Rugbyforbund.
No har han ambisjonar om å få i gang rugby-trening på
Voss. - Alt som trengst er her, seier han. - Grasbane,
nok folk, skule med
idrettsline. | |
| Han har alt vore i kontakt med folk
på Voss som har spelt rugby tidlegare, for om mogleg å
rekruttera både spelarar og trenarar. - Eg vil gje
tilbod om å koma her annakvar veke sjølv, opplyser han.
- Kanskje kan eg rotera med Elisabeth òg, slik at me
vekslar på å koma. Etterkvart kan me kanskje læra opp
ein trenar her. | |
| I fylgje Frisch er det ikkje store
gjengen som skal til. - Eg kjem om det berre er fire-fem
spelarar. Det er kjernen i eit sju- manns rugby-lag.
| |
| -15 spelarar på kvart lag -2
omgangar på 40 minutt -Ballen må kastast bakover eller
til sida. Kan sparkast framover. -Du kan berre takla ein
spelar som har ballen. -Det er ulovleg å takla over
skulderhøgde. -Du kan ikkje liggja på bakken og halda på
ballen. | |
| -Du skårar poeng ved å leggja
ballen over mållina, eller ved å sparka ballen mellom
målstengene - Det vert spelt VM i både 15-manns og
7-manns rugby kvart 4. år. - England vann siste VM, som
var i Sydney i 2003. - I Noreg er det 11 aktive klubbar,
med både herrelag, damelag og
juniorlag. | |
RAGNHILD DÅRFLOT OLSEN | tekst
|
VIDAR
HERRE | foto
|
|
| Artikkelen vart publisert: 12-06-2004 18:57 |
Vil du kommentera denne saka i ordet fritt-spaltene
våre: klikk
her Minner om at slike innlegg skal vera med fullt
namn! |
|
| Les
den skrivarvenlege versjonen |
| Send denne artikkelen til ein ven:
|