![]() |
|
| |
|
| |
Valhall sevens 2008
Laurdag 23.februar var det nok ein gang duka for Valhall sevens i Oslo. Dette var i fylgje kampprogrammet den 5. turneringa i rekka. Gruppa me var satt opp i bestod, i tillegg til oss, av Ås og eit blanda lag med spelarar frå Fiji. Me hadde som vanlig i denne uhøgtidlige turneringa ikkje noko konkret reiseopplegg, så me kom over fjellet ein for ein alt ifrå tidleg fredag, til utpå dagen laurdag. Me stilte med eit svert staut og sterkt ”forward” prega lag, og me hadde klart å få med oss 9 spelarar i alt. BRK stilte med fylgjande lag:
Før me byrja i puljespelet, spela me ein treningskamp mot eit sterkt ECB lag med minst 13-14 spelarar til saman. Etter ein brukbar start på kampen fann ECB vegen gjennom forsvaret vårt, og dei leda med to trys til pause. I andre omgang bytte me innpå reservane våre, og me fortsatte kampen som før, med eit par nye trys imot. ECB kontrollerte dette som dei ville, og mot slutten av kampen var det blitt ein solid siger for dei. I løpet av denne kampen fikk Svein Jarle og Hanro skadar som heldt dei ute av heile eller deler av turneringa, noko som igjen førte til at me hadde avgrensa med innbytarar i dei resterande kampane. I neste kamp byrja alvoret, og me innsåg før kampen at dette var ein kamp me måtte vinne. Me hadde sett på kampen mellom Ås og Fiji før dette og Fiji framstod som eit veldig bra sevens lag. Tideig i kampen tok Ås leiinga og pressa oss ganske bra. Det tok ei stund før me skjønte at me måtte gjera ein ekstra innsats for å vinne dette. Me kjempa oss framover på bana utover kampen og ein try av Willie fekk roa nervane våre litt. Herifrå og inn pressa me Ås, men det var ikkje før heilt på slutten av kampen me avgjorde det til vår fordel. Marcus fekk inn ei god takling på ein Ås-spelar og dagens jomfru Erlend sprinta inn sin første try for Bergen nokon gong! Mot Fiji sitt lag fekk me ein grundig leksjon i sevensrugby, og me merka godt at me ikkje hadde reservar til disposisjon. Me fekk låne eit par spelarar frå Trondheim i denne kampen, noko som gjorde at me fekk litt pause mot slutten. Dette var til god hjelp sidan Willie og Marcus hadde begynt å få føling med skadar også. Me var no komne til semifinalen som toar i gruppa, og skulle møte ECB nok ein gong. Her måtte me òg låne ein par spelarar frå Trondheim, og Francis gjorde eit lite comeback for BRK. Sjølv om ECB vann denne kampen med god margin, så var det framgang frå den første kampen me hadde mot dei. Etter kampen dusja me i full fart, og gjorde oss klar for å sjå finalane. Bergensjentene var klare for finalen mot Trondheim etter at dei hadde feia all motstand til sides tidligare i turneringa. Det gjorde dei i finalen også, og eg trur dei gikk igjennom turneringa med minst 25 poeng i alle kampane! Herrefinalen var mellom ECB og laget frå Fiji. Her køyrde ECB fullstendig over laget frå Fiji. Fiji virka slitne, og dei hadde avgrensa med reservar gjennom turneringa.
Festen etterpå føregjekk på Dr.Jeckylls pub, og her vart det fort stappfullt. Om dette skuldast at hjarteknusaren Idol-/Hotell Cæsar- Gaute vitja puben, eller om det var Bergen sitt staute rugbylag, er noko uvist. Dei to yngste på laget kom seg ikkje inn på puben, og me hadde heller ikkje noko ”premieutdeling”. Dette var eit stort minus, og det må ha vore kjedelig for Alexander og Erlend å måtte gå heim så tidleg, medan resten av gjengen var på fest. 23-års grense var i mesta laget for ein rugbyfest. Etter å ha overnatta på hostell om natta returnerte me til Bergen utover søndagen. Nokre erfaringar rikare, såre kne og småskadar som alltid etter Valhall sevens. Me hadde hatt ei god helg, og me ser fram mot sesongen! Eplekongen
|