VALHALL 7'S 200625th of February by Mari Beck
25 februar var det 7's turnering i Valhall, Oslo. Damelaget til Bergen stilte med eit fantastisk lag som var klare til å vinne heile greia. Me skulle ikkje spele første kamp før i 4-tida så det var god nok tid til å glede/grue seg. Det var berre 3 damelag som stilte så det vart 2-3 kampar mot kvart lag.
Første kampen spelte me mot Oslo. Alle var nok litt nervøse, og det viste i spelet vårt. For meg var det første kamp eg nokon gong hadde spelt og det var ganske forvirrande! Heldigvis hadde ikkje dei andre på laget noko problem med å skrike 'Bort der, Mari', 'Kom her, Mari' og liknande ting. Kampen enda 14-5 i vår favør, og etter ein liten pause og evaluering av innsatsen vår var me klare for neste kamp.
Andre kampen var mot Tønsberg, og i denne kampen var me meir komfortable og hadde fått orden på linja vår samt spelet. Me gjorde ein bra jobb med å unngå taklingar og valgte heller å sende ballen vidare opp og ned linja. Samspelet på laget var mykje betre og me vant 21 - 5.
Etter ei halv banan og mykje vatn var det klart for tredje kamp som var mot Oslo igjen. No hadde me verkeleg funne forma og spelte mykje bra 7's. Oslo var sjanselause og me vant 35-0.
Fjerde kamp var mot Tønsberg igjen og me håpa dette skulle bli den avgjerande kampen. Det hadde ikkje vært mykje poeng i å spele ein finale dersom me hadde vunne alle kampane våre. Uheldigvis gjekk det ikkje sånn. Me tapte kampen 20-6, utrulig frustrerande! Tønsberg greidde å dra oss inn i taklingar litt for ofte, og sidan me ikkje hadde innbytarar, og var rimelig slitne, gjorde nok det utslaget. Så det enda med at me måtte spela endå ein kamp. Uheldigvis var det fleire som hadde fått både små og store skader, så me var litt reduserte før finalen. Men motivasjonen var tilbake og me spelte betre enn i den føregåande kampen. Kampen var prega av altfor mange høge taklingar frå Tønsberg si sida, og dommaren bestemte seg til slutt for å gi oss penalty kicks. Me kom sterkt tilbake på slutten, men resultatet blei 17-12 til Tønsberg. Kjipt men shit happens....
Etter ein rekordrask dusj (av enkelte) var me på plass for å sjå Bergens mennene i finalen. Dei hadde og spelt veldig bra kampar, men måtte gje tapt for Tønsberg i finalen.
Etter alle var ferdige med å spele gjekk me på O'Reillys i downtown Oslo, der ingen spør dumme spørsmål om kvifor ein har så mangen blåmerker. På søndagen hadde dei fleste ein komfortabel flytur tilbake til Bergen, mens eg og Berit fekk nyta komforten på nattbussen.... Men alt i alt ei veldig lærerik og veldig kjekk rugby - helg i Oslo!
Mari Beck
|
|